Må ikkje forvekslast med vinkelfart

Vinkelfrekvens eller angulær frekvens, ω, (òg skrive vinkelfart, radialfrekvens, sirkelfrekvens, omløpsfrekvens eller radianfrekvens) er i fysikk (særleg mekanikk og elektroteknikk) eit skalart mål på rotasjonsrate. Vinkelfrekvens er storleiken til vektorstorleiken vinkelfart. Uttrykket vinkelfrekvensvektor vert stundom nytta som eit synonym for vektorstorleiken vinkelfart.

Vinkelfrekvensen er eit mål på kor raskt ein lekam roterer

I SI-einingar vinkelfrekvensen målt i radianar per sekund, med dimensjonane s−1.

Ein runde rundt ein sirkel er lik 2π radianar, dermed

der

ω er vinkelfrekvensen (målt i radianar per sekund)
T er perioden (målt i sekund)
f er frekvensen (målt i hertz)
v er den tangentielle snøggleiken til eit punkt på rotasjonsaksen (målt i meter per sekund),
r er radiusen til rotasjonen (målt i meter)

Vinkelfrekvens er difor ein enkel multippel av vanleg frekvens. Det er likevel ofte meir nyttig å nytte vinkelfrekvens i mange høve for å unngå at dukkar opp for mange gonger i uttrykket. Faktisk vert han nytta i mange felt innan fysikk som omfattar periodiske fenomen, som kvantemekanikk og elektrodynamikk.

Til dømes:

Ved å nytte «vanleg» frekvens, vert denne likninga:

Eit anna uttrykk som er mykje brukt når ein held på med små svingingar eller der dempinga er neglisjerbar er:

der

er fjørkonstanten
er massen til lekamen.

Dette vert kalla den naturlege frekvensen.

Kjelder endre