Bømlo folkehøgskule

Bømlo folkehøgskule, tidlegare Olavskulen Folkehøgskule, er ein frilynt folkehøgskole. Skulen ligg på Finnås i Bømlo kommune i Hordaland.

Målsetting endre

Bømlo Folkehøgskule har til målsetjing å vere ein folkehøgskule der elevane skal utvikle seg og trivast, og eit år ved Bømlo Folkehøgskule skal gi elevane læring og meining. Fred, kreativitet og solidaritet er verdiar som skal liggje til grunn for alt som skjer ved skulen.

Skulen har eit elevtal på om lag 75 elever og er eigd av Stiftinga Bømlo Folkehøgskule. Kristne Arbeidere (KA), Landsorganisasjonen i Noreg (LO) og Arbeidernes Opplysningsfond (AOF) står bak. Skulen er ein av dei yngste i Noreg og opna til skuleåret 1983-1984.

Skulen har desse linjene:

  • Fred og solidaritet, Latin-Amerika/Kenya
  • Musikal og teater
  • Friluftsliv
  • Kokk og matkultur
  • Pyskologi
  • Mat med smak av verden

Anna endre

Bømlo folkehøgskule arrangerer også sommarleirar for barn og vaksne frå Bergen kommune frå juni til august. I april månad har skulen i ei årrekkje arrangert Fredsfestivalen.

Bakgrunnsstoff endre