Børøy på Bømlo

Sjå òg Børøya, ei øy i Hadsel kommune.

Børøy er ei øy som ligg mellom Bømlo i vest og Moster i aust, og har gardsnummer 2 i Bømlo kommune. Børøya har samband til Bømlo med bru over Nautsundet, og grensar der til garden Bjørnevik. Garden Børøy omfatta òg Ulvesøy, som ligg nord for Børøy. Børøy er skild frå Moster av Børøyfjorden.

Børøy på Bømlo
Geografi
Stad Børøyfjorden
Koordinatar 59°42′34″N 05°15′43″E / 59.70944°N 5.26194°E / 59.70944; 5.26194

Høgaste punkt Mastradalshaugen (88 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Hordaland

Første gong staden er dokumentert omtalt, var i ein salskontrakt som vart underskriven på Børøya i 1341. Familien som eigde Børøy på 15- og 1600-talet var av lågadeleg slekt.

Kjelder endre

Bømlo bygdebok 4 - Gards- og ættesoge for Moster sokn. Simon Steinsbø 1981

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.