Børøya

øy i Hadsel i Nordland

Koordinatar: 68°34′10″N 14°56′35″E Børøya er ei lita øy i Hadsel i Nordland. Øya ligg i Langøysundet, mellom Langøya og Hadseløya, like nord for Stokmarknes. Mellom Børøya og Hadseløya går Børøysundet. Det høgaste punktet på øya ligg 52 m.o.h.

Riksveg 82 (tidlegare E10) går over øya. I aust går Hadselbrua over til Langøya, i vest går Børøybrua over Børøysundet til Stokmarknes. På Børøya er det eit stort bustadområde, men også fleire verksemder. Fòrfabrikken Skretting, lakseslakteriet Nordlaks, eit mindre skipsverft og nokre mindre verksemder ligg på øya.

Hadsel kommune kjøpte Børøya i 1963, og prosjekterte bustad- og industriområde der. Kommunen finansierte Børøybrua, som vart offisielt opna i 1967. Brua over til Langøya, der Hadsel har samband med fastlandet, vart opna i 1978.

KjelderEndra