Bømlo

øy i kommunen Bømlo, Hordaland, Noreg
(Omdirigert frå Øya Bømlo)
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Øyi Bømlo».
Sjå òg Bømlo kommune.
Bømlo
Bremnes, Bømlo.JPG
Geografi
Norway - Bømlo.png
Stad Sunnhordland
Koordinatar 59°46′38″N 05°13′32″EKoordinatar: 59°46′38″N 05°13′32″E

Areal 171 km²

Høgaste punkt Siggo (474 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Hordaland
Største busetnad Svortland (2067 innb.)

Bømlo eller Bømmeløy er den største øya i Bømlo kommune (171 km2) i Sunnhordland sørvest i Hordaland. Kulleseidkanalen deler øya i ein norleg del med store nakne myrar og ein sørleg del som er frodigare. På Bømlo ligg tettstadene Svortland, Rubbestadneset, Foldrøyhamn, Langevåg og Melandsvågen og den nedlagde ferjekaia Siggjarvåg. Bruer knyter øya saman med andre øyar i heradet, som Moster, Goddo, Hiskjo, Aga og Spissøy. Vegsambandet Trekantsambandet bind saman øyane og øykommunane, Bømlo og Stord med Sveio og fastlandet med bruar og ein undersjøisk tunnel. Sambandet vart opna 30. april 2001.

Fjellet Siggjo (474 moh.) ligg på øya. Det har med sin særmerkte formasjon vore eit kjent innseglingsmerke.

Namnet Bømlo kjem av norrønt Bymbil som skal kome frå ordet bembel, 'navle' eller 'mage'. I denne samanhengen er det truleg meint i tydinga 'tjukk', 'oppsvollen' som spelar på formasjonen på Siggjo.