68°51′21.8″N 14°50′12.5″E / 68.856056°N 14.836806°E / 68.856056; 14.836806

Sjå òg Børøyfjorden i Hordaland.

Børrøyfjorden er ein fjord mellom Langøya og Skogsøya i Øksnes kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 7 km frå vest til aust og endar ved Svinøya, som ligg mellom dei to nemnde øyane.

Børrøya, som fjorden er kalla opp etter, ligg på sørsida av fjorden. I vest grensar fjorden til Tindsøya og i nord til Hjellsandøya. Frå Svinøya går Svinøysundet og Kaldhammarsundet på kvar si side av øya vidare austover. Den einaste busetnaden ved fjorden er Tunnstad på sørsida av Skogøya. Her går òg Fv942 langs fjorden.