Tindsøya
Tindsøya er ei øy i Øksnes kommune i Nordland. Det høgaste punktet på Tindsøya er Tindstinden på 468 moh.
Tindsøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Vesterålen |
Koordinatar | 68°50′18″N 14°46′20″E / 68.83833°N 14.77222°E
|
Høgaste punkt | Tindstinden (468 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland
|
Tindsøya er ei av fleire øyar i Øksnes Vestbygd. Andre øyar i dette området er Skogsøya, Dyrøya og Nærøya. Tidlegare var det mykje aktivitet på desse øyane, men i dag er det få fastbuande att.
Dei viktigaste stadane på Tindsøya er Skipnes og Tinden. Skipnes er eit gammalt fiskevær som i dag er bygd om til ferie- og fritidsstad. Tinden er eit gammalt fiskevær og handelsstad som nok er mest kjend for væreigar Skjalg Halmøy, som tok imot turistar og fiskarar i mange år. Skjalg Halmøy er borte, men butikken i Tinden vert framleis halde open i turistsesongen.
Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.