Bøvågen

Bøvågen er ei bygd i Alver kommune i Hordaland, på nordvestsida av Radøy. Kommunesenteret Manger ligg om lag 10 kilometer sør for bygda. Bøvågen ligg 51 kilometer sjøveg og 58 km bilveg nordvest for sentrum i Bergen.

Hordabø kyrkje står nær sentrum av bygda. Bøvågen har butikk og post (postnummer 5937 Bøvågen), pleieheim, barneskule og barnehage, trevarehandel, samt litt industri, landbruk og havbruk.

Fram til 1963 høyrde Bøvågen til tidlegare Hordabø herad.

KjelderEndra

  • Norsk Allkunnebok. II. Bandet. 1950