Bükk

fjellkjede i Ungarn

Bükk (Bøkfjella) er ein del av Karpatane nordaust i Ungarn. Store delar av området er ein del av Bükk nasjonalpark.

Bükk
fjellkjede
Land  Ungarn
Kart
Bükk
48°02′00″N 20°30′00″E / 48.033333333333°N 20.5°E / 48.033333333333; 20.5
Wikimedia Commons: Bükk-vidék
Bükk i Ungarn
Bükkfjella

Sjølv om Kékes, det høgaste punktet i Ungarn, ikkje ligg her men i dei nærliggande Mátrafjella, er middelhøgda i Bükkfjella, med meir enn 20 toppar over 900 meter, høgare enn i Mátra. Det høgaste punktet i Bükk er Kettős-bérc (960 m)[1], den tredje høgaste toppen i Ungarn etter Kékes og Galyatető.

Det er 853 kjende grotter i fjellkjeda, inkludert István-lápa, den djupaste grotta i Ungarn på 250 m, den arkeologisk viktige Szeletagrotta, Grottebadet (ein av dei største turistattraksjonane i Miskolc-Tapolca, Annagrotta, og Istvángrotta. 45 av grottene er verna på grunn av dyrelivet og mikroklimaet her.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Bükk frå Wikivoyage

48°05′N 20°30′E / 48.083°N 20.500°E / 48.083; 20.500

  1. http://index.hu/tudomany/2014/02/05/uj_csucsa_van_a_bukknek/