Bülent Ecevit
Bülent Ecevit (fødd 28. mai 1925 i Istanbul, død 5. november 2006 i Ankara) var ein tyrkisk politikar som var statsminister i landet i fire omgangar.
Bülent Ecevit | |||
| |||
Fødd | 28. mai 1925 Istanbul | ||
---|---|---|---|
Død | 5. november 2006 (81 år) | ||
Statsborgar av | Tyrkia | ||
Yrke | politikar, skribent, lyrikar, omsetjar, journalist, diplomat | ||
Utdanna ved | Robert College SOAS Universitetet i Ankara | ||
Mor | Nazlı Ecevit | ||
Far | Fahri Ecevit | ||
Ektefelle | Rahşan Ecevit | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Alle verv |
|
Ecevit representerte opphavleg det republikanske folkepartiet, og vart første gong leiar for partiet i 1972.[1] Han vann valet i 1973, og byrja sin første periode som statsminister i januar 1974. Hans første regjering er mest kjend for den tyrkiske invasjonen av Kypros som fann stad i juli 1974.[1] Ecevit sat ved makta berre til november dette år.et
Hans neste periode som statsminister var endå kortare, frå juni til juli 1977. Så hadde Ecevit igjen regjeringsmakt frå januar til november 1978. Etter statskuppet i Tyrkia i 1980 vart han og dei andre ledande politikarane fengsla, og etter at dei slapp ut fekk dei forbod mot politisk verksemd. Hans kone Rahsan Aral skipa då et nytt politisk part, Demokratisk Venstreparti som Ecevit seinare, då han igjen kunne ha politiske verv, vart ledar for.[1]
Bülent Ecevit si siste periode som statsminister vart og hans lengste, frå januar 1999 til november 2002. I denne perioden vart den kurdiske opprørsleiaren Abdullah Öcalan arrestert, noko som auka Ecevit sin popularitet i Tyrkia.[1] I 2002 ble Ecevit etterfølgt av Recep Tayyip Erdoğan.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Kinzer, Stephen (November 6, 2006). «Bülent Ecevit, a Political Survivor Who Turned Turkey Toward the West, Is Dead at 81». The New York Times. s. 2. Henta 6. oktober 2013.
- ↑ Siyasetin sairi Karaoglan Arkivert 2008-10-22 ved Wayback Machine., Hürriyet (tr)