Recep Tayyip Erdoğan
Treng oppdatering |
Recep Tayyip Erdoğan (fødd 26. februar 1954) er ein tyrkisk konservativ politikar. Han har sidan 28. august 2014 vore president i Tyrkia, før det var han statsminister i landet frå 2003 til 2014. Han er leiar for partiet AKP, Adalet ve Kalkınma Partisi («Partiet for rettferd og utvikling»), som er eit parti som omtalar seg sjølv som «islamsk-konservativt».
Recep Tayyip Erdoğan | |||
| |||
Fødd | 26. februar 1954 (70 år) Kasımpaşa, Beyoğlu | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Tyrkia | ||
Parti | Adalet ve Kalkınma Partisi (14. august 2001) | ||
Yrke | statsmann, politikar, samfunnsøkonom | ||
Utdanna ved | Marmara University Faculty of Economics and Administrative Sciences İmam Hatip school Marmarauniversitetet | ||
Ektefelle | Emine Erdoğan | ||
Barn | Sümeyye Erdoğan, Necmettin Bilal Erdoğan, Ahmet Burak Erdoğan, Esra Erdoğan | ||
Verv | President i Tyrkia 2014- | ||
Føregangar | Abdullah Gül | ||
Verv | Statsminister i Tyrkia 2003-2014 | ||
Føregangar | Abdullah Gül | ||
Etterfylgjar | Ahmet Davutoğlu | ||
Alle verv | |||
Signatur |
Bakgrunn
endreErdoğan vart fødd i Istanbul. I 1985 var han leiar av Velferdspartiet i byen. Han var borgarmeister i Istanbul frå 1994 til 1998. Velferdspartiet vart forbode i 1998, fordi den påstått islamistiske ideologien til partiet streid mot det strenge skiljet mellom politikk og religion i den tyrkiske grunnlova. Frå mars til juli 1999 sona Recep Erdoğan fire månader av ei ti månaders fengselsstraff han vart idømd for å «oppeldna til religiøst hat».[1]
Erdoğan og hans fløy av Velferdspartiet stifta AKP i 2001. Ved valet 3. november 2002 vart AKP det største partiet med 34,3 % av røystene. Det vann reint fleirtal i parlamentet. Erdoğan var ikkje kandidat ved dette valet, fordi straffedømde ikkje hadde høve til å stilla til val etter grunnlova. Abdullah Gül frå AKP vart mellombels statsminister.[2] Grunnlova vart endra slik at Erdoğan fekk høve til å verta valt inn i parlamentet,[1] og 14. mars 2003 tok han over som statsminister.
Erdoğan er gift, og har to søner og to døtrer.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Turkey's charismatic pro-Islamic leader» (på engelsk). 4. november 2002.
- ↑ «CNN.com - Turkish PM quits for Erdogan - Mar. 11, 2003», edition.cnn.com, henta 3. november 2022