Bürmoos er ein kommune i Distriktet Salzburg-Umgebung i Forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 6,9 km² og i kring 4 900 ibuarar. Småbyen Bürmoos ligg 436 meter over havet, nordvest i forbundslandet.

Flyfoto av Bürmoos

Bürmoos kommune vart danna i 1967, og er den ferskaste kommunen i forbundslandet Salzburg. Fattige område i Sankt Georgen bei Salzburg og i Lamprechtshausen vart då skilde ut, til stor motstand frå ibuarane i Bürmoos.

Bürmoos var til byrjinga av 1800-talet eit folketomt myrområde. I andre halvdelen av det 19. hundreåret voks fram glas- og mursteinindustri, som nytta den store mengda torv til brensel. Desse næringsvegane braut saman etter fyrste verdskrigen, og folket her var mellom dei fattigaste i forbundslandet. Sidan 1960-talet har folketalet i Bürmoos auka mykje.

Kjelder endre