BBC Canada er ein canadisk fjernsynskanal tilgjengeleg på digital kabel i Canada. Saman med BBC Kids er han eit fellesprosjekt av BBC Worldwide og den canadiske kringkastaren Alliance Atlantis. Kanalen starta opp sendingane den 7. september 2001.

BBC Canada

Lansert7. september 2001
LandCanada
Språkengelsk
HovudkontorToronto

Sidan BBC Canada er ein canadisk kanal som berre tilfeldigvis er delvis britisk eid, må den, i følgje kringkastingsreglane i Canada, vise ei viss mengde canadiske program. I tillegg til BBC-program viser den derfor canadiske seriar som House & Home, Debbie Travis' Facelift og Holmes on Holmes. BBC Canada er òg den einaste canadiske kanalen som plasserer logoen oppe til høgre på skjermen, i motsetnad til venstre hjørne, som alle dei andre TV-kanalane i landet.

BBC Canada har ikkje lov til å vise nyhendesendingar. Likevel er sendingar frå BBC World News tilgjengelege gjennom kanalen, CBC Newsworld og nokre PBS-stasjonar i Canada.

Kjelder endre

  Denne underhaldningsartikkelen som har med BBC å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.