BBC Worldwide Limited er eit dotterselskap av BBC, som blei oppretta etter ei omorganisering av forløparen BBC Enterprises i 1995.

BBC Worldwide - Wood Lane.

Worldwide er ansvarleg for mange kommersielle verksemder, hovudsakleg med produkt frå BBC. Selskapet investerer også i filmar og TV-produksjonar. Worldwide vil ofte tilby pengestøtte for utvikling av BBC-produksjonar og sikrar seg for dette ulike rettar til programma. Worldwide har også gjort dette med program laga av andre enn BBC, slik som dramaet Mine All Mine som blei laga av Red Production Company og vist på BBC sin konkurrent ITV.

Worldwide driv også med sal og distribusjon av program internasjonalt, og dei driv TV-kanalar over både kabel og satellitt, slik som UKTV i Storbritannia, BBC America i USA og BBC Canada i Canada. Dei gir ut bøker og magasin, der det mest kjende magsinet er Radio Times, gir ut VHS og DVD, lydbøker, musikk, CD-ROM, driv med språkundervisning, utdanningsvideoar og opplæring, interaktiv telefoni, sal av filmopptak frå bibliotek, sal av abonnement på blad, arrangerer utstillingar, direktesender frå større og mindre hendingar, og har juridisk kontroll over film og andre media.

Desse kommersielle verksemdene gir BBC Worldwide eit overskot som går til BBC slik at BBC kan investere i fleire program. I rekneskapsåret som slutta pr 31. mars 2008 hadde BBC Worldwide eit overskot på £118 millionar av ei omsetning på £916 millionar.[1]

Likevel har BBC ofte blitt kritisert i dei siste åra på grunn av pengane dei tener på Worldwide. Nokre av konkurrentane har protestert på at Worldwide har ein fordel av at dei kan utnytte og selje frå BBC sin programkatalog.

Fotnotar

endre
  1. «About BBC Worldwide». BBC Worldwide. 2007/08. Henta 29. mars 2009. 
  Denne underhaldningsartikkelen som har med BBC å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.