BCG (Bacille Calmette-Guérin) -vaksine er den einaste kjende vaksinen mot tuberkulose. Han vart utvikla på byrjinga av 1900-talet frå levande, men veike tuberkulosebakteriar (Mycobacterium bovis). I Noreg er det no vanleg å få denne vaksinen når ein går i niandeklasse i grunnskulen.

Japansk BCG-sprøyte og flasker med vaksine og saltløysing.

BCG er ikkje nokon spesielt effektiv vaksine, men det er den tryggaste vaksinen som er utvikla mot nokon sjukdom, og difor er han òg ein av dei mest brukte. Biverknadene av BCG er ufårlege smerter og ubehag ei tid etter injeksjonen, og vaksineringa etterlèt normalt eit arr i huda på injeksjonsstaden.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.