Vaksine

biologisk preparat som styrkjer immuniteten mot ein sjukdom

Vaksine (av latin variolæ vaccinæ, kukoppar) er svake eller døde smittestoff eller toksinar som blir tilførte kroppen for å gjera han immun mot sjukdommen dette smittestoffet ber med seg. Ein vaksine verker som eit antigen og fører til at kroppen tek til å danna antistoff. Avhengig av sjukdomstype kan ein vaksine gje livslangt sjukdomsvern, eller trenga påfyll med visse mellomrom.

Influensavaksine fylt frå glas til sprøyte.

Funksjon endre

Ved ein vaksinasjon blir anten daude, svekka eller oppdelte mikroorganismar som kan framkalla ein viss sjukdom, sprøyta eller ført oralt inn i kroppen. Lymfocyttane reagerer på desse som dei gjer med alle ukjende mikroorganismar, og vil danna hugseceller som kan kjenna igjen desse mikroorganismane og fjerna dei raskare viss kroppen blir utsett for dei igjen.

Vaksineringa skjer som regel før ein blir smitta av ein sjukdom, men kan i somme tilfelle òg redusera sjukdomseffekten ei tid etter smitte. Elles kan ein ta i bruk serumsbehandling, der blodserum frå ein person som allereie er immun blir sprøyta inn i blodet til den som er råka av smitten.

Første vaksine mot
ulike sjukdommar
endre

Utrydda sjukdom endre

Historie endre

Inokulasjon mot koppar, det å påføra litt smittestoff på ein kontrollert måte for å utvikla immunitet, var lenge brukt i Asia. I Kina pusta ein inn pulver laga av vev frå menneske som var døde av sjukdommen, medan i India og Osmanarriket påførte ein svekka smittestoff gjennom eit snitt i huda. Sjukdommen som følgde av dette var mildare, men kunne framleis føra til arr og dødsfall.

Mot slutten av 1700-talet fann ein i England opp ein ufarlegare måte å utvikla immunitet på. Det er den engelske legen Edward Jenner som er blitt kjend for å ha påført ungguten James Phipps kukoppar og deretter inokulasjonsstoff mot koppar, utan at guten utvikla denne andre sjukdommen. Sjølv om liknande vaksinasjonar var blitt gjort av andre før han, var det Jenner si forsking og publisering som førte til at metoden spreidde seg.

Etter at det effektive vernet mot koppar blei kjend, utvikla Louis Pasteur bruken til å verka mot miltbrann og rabies, den første ein bakteriesjukdom, den andre forårsaka av virus. I staden for å bruka ein annan, mildare sjukdom av same type, slik Jenner hadde gjort, svekka Pasteur smittestoffet sjølv. Ein hadde no ein måte å laga vaksine mot mange ulike sjukdommar på.

 
Vaksinering mot polio i India.

Styresmakter forstod etter kvart at vaksinering av store delar av folket kunne hindra epdiemiar, og innførte derfor mellom anna lovar som gjorde dette obligatorisk. Vaksinering av ungar er blitt ein viktig del av moderne helsevesen, medan internasjonale helseorganisasjonar som WHO har gått til kamp mot smittsame sjukdommar i utviklingsland gjennom fleire storstilte vaksineringsprogram.

WHO reknar med at 95 % av befolkninga i eit område må vera vaksinerte for at ein skal unngå sjukdomsutbrot.

Motstand endre

Vaksinering er eit inngrep ein ikkje ser den positive verknaden av med ein gong, medan ein ser biverknadane. Dette og alminneleg mistru mot vestleg medisin eller styresmakter har ført til motstand mot inngrepet. Mistankar om alvorlege farar ved vaksinering har òg fått folk til å unngå det.

Eit rykte om at poliovaksine gav sterilitet førte til dømes til at ein del foreldre og leiarar i den muslimske verda ikkje lét ungane få denne vaksinen. Dette har gjeve sjukdommen nytt fotfeste i område der han tidlegare var heilt eller nær utrydda. I Kanoprovinsen i Nigeria førte avbrot av vaksineringa i 2003 raskt til mange nye sjukdomstilfelle. I Europa, særleg Storbritannia og Tyskland, har frykt for at MMR-vaksinen (trippelvaksine mot meslingar, kikhoste og raude hundar) kunne føra til autisme ført til at mange ungar ikkje er blitt vaksinerte mot desse sjukdommane, noko som har gjeve ein kraftig auke i sjukdomstilfelle, og nokre dødsfall.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vaksine

Kjelder endre