BNLF2a (avstytting av BamHI-N leftward frame 2a[1]) er eit lite membranassosiert protein frå Epstein-Barr-viruset (EBV). Det har ei lengd på 60 aminosyrerestar og vert uttrykt tidleg i lytisk syklus. Det hjelper til med å gøyma viruset frå CD8+-T-seller, og slik immunforsvaret til verten. Proteinet er unikt for lymfokryptovirusa.[2][3][4]

BNLF2a vekselverkar med menneskeproteina antigenpeptidtransportør 1 og 2 (TAP1 og TAP2). Desse proteina dannar eit kompleks som kan pumpa peptid i cytoplasma inn i endoplasmatisk retikulum ved hjelp av energien frigjeven ved hydrolyse av ATP. BNLF2a hemjar både peptid- og ATP-bindingsseta til dette komplekset og gjer at det ikkje verkar.[2][3]

Menneskeproteinet ATPase ASNA1 syrgjer for at BNLF2a vert sett inn i membranen til endoplasmatisk retikulum. C-enden til BNLF2a er hydrofobisk og vert sett inn i membranen, medan den hydrofile N-enden er i cytosol og kan hemja TAP-komplekset.[4]

Ulike aminosyresekvensar i BNLF2a er observerte hjå ville EBV-virus.[5]

Kjelder endre

  1. Shen, Yong; Zhang, Suzhan; Sun, Ren; Wu, Tingting; Qian, Jing (2015). «Understanding the interplay between host immunity and Epstein-Barr virus in NPC patients». Emerging Microbes & Infections 4 (3): e20. doi:10.1038/emi.2015.20. 
  2. 2,0 2,1 Hislop, Andrew D; Ressing, Maaike E; Van Leeuwen, Daphne; Pudney, Victoria A; Horst, Daniëlle; Koppers-Lalic, Danijela; Croft, Nathan P; Neefjes, Jacques J; Rickinson, Alan B; Wiertz, Emmanuel J.H.J (2007). «A CD8+T cell immune evasion protein specific to Epstein-Barr virus and its close relatives in Old World primates». The Journal of Experimental Medicine 204 (8): 1863. PMID 17620360. doi:10.1084/jem.20070256. 
  3. 3,0 3,1 Burrows, Scott R; Moss, Denis J; Khanna, Rajiv (2011). «Understanding human T-cell-mediated immunoregulation through herpesviruses». Immunology and Cell Biology 89 (3): 352. PMID 21301481. doi:10.1038/icb.2010.136. 
  4. 4,0 4,1 Horst, D; Favaloro, V; Vilardi, F; Van Leeuwen, H. C; Garstka, M. A; Hislop, A. D; Rabu, C; Kremmer, E; Rickinson, A. B; High, S; Dobberstein, B; Ressing, M. E; Wiertz, E. J. H. J (2011). «EBV Protein BNLF2a Exploits Host Tail-Anchored Protein Integration Machinery to Inhibit TAP». The Journal of Immunology 186 (6): 3594. PMID 21296983. doi:10.4049/jimmunol.1002656. 
  5. Horst, D; Burrows, S. R; Gatherer, D; Van Wilgenburg, B; Bell, M. J; Boer, I. G. J; Ressing, M. E; Wiertz, E. J. H. J (2011). «Epstein-Barr Virus Isolates Retain Their Capacity to Evade T Cell Immunity through BNLF2a despite Extensive Sequence Variation». Journal of Virology 86 (1): 572–7. PMC 3255881. PMID 22013037. doi:10.1128/JVI.05151-11. Arkivert frå originalen 25. juni 2020. Henta 18. juni 2018. 
  Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.