Babe Ruth av Babe Ruth
Babe Ruth Studioalbum av Babe Ruth | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1975 | |
Studio | Lansdowne & Chappell Studios i London | |
Sjanger | Progressiv rock, hardrock | |
Lengd | 35:48 | |
Selskap | Harvest EMI (Capitol Records i USA) | |
Produsent | Steve Rowland | |
Babe Ruth-kronologi | ||
---|---|---|
Amar Caballero (1972) |
Babe Ruth | Stealin' Home (1975)
|
Babe Ruth er det tredje studioalbumet til den engelske rockegruppa Babe Ruth, gjeve ut i 1975 på Harvest Records i Storbritannia og Capitol Records i USA. Albumet nådde 75. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
På dette albuemt går dei meir bort frå den progressive rockestilen frå dei tidlegare platene sine og legg til litt soul, visesong og filmmusikk. Dei inkluderte tre coverversjonar på albumet, Curtis Mayfield sin «We People Darker Than Blue», Ennio Morricone sin «A Fistful of Dollars» og «Private Number» av Judy Clay og William Bell.
Allmusic gav berre albumet to av fem stjerner, men skreiv at «ingenting her ristar jorda eller er nytt, men Babe Ruth er dugandes nok til å alltid levere frå seg eit bra produkt.»[1]
Plateomslaget vart laga av Paul May.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Dancer» | Alan Shacklock | 6:01 |
2. | «Somebody's Nobody» | Alan Shacklock | 3:06 |
3. | «A Fistful of Dollars» | Ennio Morricone | 2:40 |
4. | «We People Darker Than Blue» | Curtis Mayfield | 4:47 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Jack O'Lantern» | Alan Shacklock | 3:25 |
6. | «Private Number» | Booker T. Jones, William Bell | 3:40 |
7. | «Turquoise» | Dave Hewitt, Janita Haan | 3:11 |
8. | «Sad But Rich» | Ed Spevock | 3:56 |
9. | «The Duchess of Orleans» | Alan Shacklock | 5:02 |
Medverkande
endre- Babe Ruth
- Janita Haan - vokal, bjøller
- Alan Shacklock - gitar, Mellotron, Moog, perkusjon, vibrafon, vokal
- Steve Gurl - klaverinstrument, Moog, flygel
- Dave Hewitt - bass, fuzzbass
- Ed Spevock - trommer, perkusjon
- Gjestemusikar
- Angelito Perez - conga (3,7)
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Babe Ruth - Babe Ruth». AllMusic. Henta 11. april 2020.