Babord eller bakbord er venstre side av ein båt eller eit fartøy når ein står akterut og ser frametter. Dette i motsetning til styrbord som er høyre side.

Omgrepet kjem frå norrønt språk. Mannskapet styrte [stýri] med styreåre (ror) som alltid var feste på høgre bord [borð]. Rormannen, som heldt styreåra med begge hender, stod med ryggen [bak] mot venstre sida, babord.

Båten som seglar for babord baug held baugen til babord for vinden og segla står babord. Dette vert òg kalla styrbord halser, vinden kjem inn på styrbord side.

Navigasjonslyset på babord side er raudt.