Bad Nauheim
Bad Nauheim er ein kurstad i den tyske delstaten Hessen. Den har eit areal på 32,55 km². Bad Nauheim ligg ca 30 km nord for Frankfurt am Main i nærleiken av Taunusåsane. Staden hadde ca 31 000 innbyggarar i 2007.
Bad Nauheim blei grunnlagt for meir enn 4 000 år sidan då keltarane byrja å utvinne salt frå kjeldevatnet.
I byen finst det eit kuranlegg. Dette består av ein kurpark som også er ei kjelde for drikkevatn, og attmed kurparken ligg eit termalbad med varmt vatn.
