Badab-e Surt eller Badab Soort (farsi باداب سورت) er ein naturleg stad i Mazandaran nord i Iran, 95 km sør for byen Sari, og 7 km vest for landsbyen Orost. Staden består av terrassar av travertinformasjonar som er skapt over tusenvis av år med vatn som flyt frå to varmekjelder og vert avkjølt, og set av karbonatmineral i fjellsida.[1]

Badab-e Surt
باداب سورت
formasjonar
Den raude fargen av travertin-terrassar kjem av jernkarbonat.
Land  Iran
Koordinatar 36°21′17″N 53°51′23″E / 36.35472°N 53.85639°E / 36.35472; 53.85639
Kart
Badab-e Surt
36°21′17″N 53°51′23″E / 36.354722222222°N 53.856388888889°E / 36.354722222222; 53.856388888889
Wikimedia Commons: Badab-e Surt
Gule travertinterrassar, sett ovanfrå.

Badab Soorts-kjeldene er to mineralkjelder 1840 moh. Den første kjelda består av særs salt vatn som samlar seg i små, naturlege basseng. Dette vatnet vert rekna for å ha helsebringande eigenskapar, særskild mot revmatisme og enkelte hudsjukdommar. Den andre kjelda har ein sur smak og er hovudsakleg oransje på farge, på grunn av mykje jernoksid.[2]

Panoramabilete av Badab-e Surt.

Liknande stader

endre

Kjelder

endre
  1. «Cultural Heritage Agency of Semnan». Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 3. mars 2021. 
  2. «Orost Village Official Site». Henta 7. desember 2010. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Badab-e Surt