Mazandaran
Mazandaran (persisk استان مازندران, Ostān-e Māzandarān/Ostâne Mâzandarân) er ein av 31 provinsar i Iran, langs sørkysten av Kaspihavet og like ved Alborzfjella sentralt i det nordlege Iran.[6] Med klokka grensar han til Golestan, Semnan, Teheran, Alborz, Qazvin og Gilan. Sari er den største byen og hovudbyen i provinsen.
Māzandarān | |||
استان مازندران | |||
Provins | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Region 1[1] | ||
Fylke | 22 | ||
Hovudstad | Sari | ||
Areal | 23 833 km² [2] | ||
Folketal | 3 073 943 (2011) | ||
Folketettleik | 129 / km² | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
- Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
Språk | mazandarani[3], persisk[3], gilaki[4][5] | ||
![]() Mazandaran | |||
Wikimedia Commons: Mazandaran Province | |||
Mazandaran er ein av dei tettast folkesette provinsane i Iran[7] og har forskjellige naturressursar, særleg store olje- og naturgassreservoar.[8] Dei fire største fylka i provinsen er Sari, Babol, Amol og Qaemshahr.[9] Provinsen vart grunnlagd i 1937 og han vart erklært den andre moderne provinsen etter naboprovinsen Gilan.
Naturen er variert med sletter, præriar, skogar og regnskogar[10] som strekkjer seg frå sandstrendene ved Kaspihavet til dei kuperte og snødekte Elburz,[11] inkludert Damavand, eit av dei høgaste fjella og vulkanane i Asia.[12]
Mazandaran er ein stor produsent av oppdrettsfisk,[13] og akvakultur er eit viktig økonomisk bidrag til det tradisjonelle jordbruket.[14] Ei anna viktig næring er turistindustrien og folk frå heile Iran kjem og vitjar dette området.[15] Mazandaran er òg eit blømande senter for bioteknologi[8] og ingeniørvitskap.
Det har budd menneske i området i minst 75 000 år.[16][17] Nyare utgravingar i Goher Tippe synte at området har vore urbanisert i meir enn 5000 år og området vert i dag rekna som ein av dei viktigaste historiske stadane i Iran.[18] Han har spelt ei viktig rolle i kulturell og urban utvikling i regionen.[19]
Innfødde folk i regionen omfattar dei etniske mazanderanarane[20] som snakkar eit iransk språk som liknar med på gilaki og sangiseri.
Klima endre
Det er ofte snøfall i Elburz-området, som går parallelt til sørkysten av Kaspihavet. Fjella deler provinsen i mange isolerte dalar. Provinsen har eit moderat, subtropisk klima med ein middeltemperatur på 25 °C om sommaren og kring 8 °C om vinteren. Det kan falle mykje snø i fjella om vinteren, men sjeldan ved havnivå.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Mazandaran Province» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ همشهری آنلاین-استانهای کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند
- ↑ «Province of Mazandaran». Iran Chamber Society. Henta 11. september 2016.[daud lenkje]
- ↑ 3,0 3,1 Maryam Borjian - Bilingualism in Mazandaran: Peaceful Coexistence With persisk. Arkivert 21. september 2006 ved Wayback Machine.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 11. desember 2011. Henta 3. desember 2011.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 23. februar 2017, henta 7. mars 2021
- ↑ Keddie, N. R.; 1968; The Iranian villages before and after land reform. Journal of Contemporary History, 3(3), 69–78.
- ↑ Statistisk senter, styresmaktene i Iran. Sjå "General Characteristics of Ostans according to their administrative divisions at the end of 1383 (2005 CE)", "Population estimation by urban and rural areas, 2005"
- ↑ 8,0 8,1 University of Mazanderan, arkivert frå originalen 3. oktober 2008, henta 6. juli 2013
- ↑ Census Results, 2006: Sari: 490.830, Babel: 464.535, Amel: 343.747, Shahi: 293.721.
Iranian 2006 Census Website, Information File (på persisk) - ↑ Springer Netherlands; 10. juli 2005; Contributions to the knowledge of the useful plants and plant raw materials of Iran Arkivert 2013-02-03 ved Archive.is; ISSN 0921-9668
- ↑ Mazandaran, Geography & History
- ↑ Elburz i Encyclopædia Britannica
- ↑ Freshwater Fishes of Iran; Revised: 12 July 2007
- ↑ Encyclopædia Britannica, Entry for Mazandaran
- ↑ [1] (persisk)
- ↑ Mazandaran setting up Iran's first cave museum Arkivert 2009-06-04 ved Wayback Machine.; London; 22. juli 2006 av IranMania
- ↑ IRAN Daily Caspian Region, arkivert frå originalen 10. juli 2007, henta 10. juli 2007
- ↑ Parthia News, November 6, 2005.
- ↑ Payvand, 400 Historical Sites Discovered within 7 Days in Mazandaran
- ↑ CHN Page for Mazandaran
Bakgrunnsstoff endre
- Offisiell nettstad Arkivert 2007-06-08 ved Wayback Machine.