Bahawalpur
Bahawalpur er ein by i Panjab i Pakistan som ligg ved breidda av elva Sutlej. Han hadde rundt 408 000 innbyggjarar i 1998. Bahawalpur er eit lokalt utdanningssenter med universitet frå 1975 og andre høgskular. Byen har også bomullsindustri og produksjon av vegetabilsk olje, teppe, silkestoff, leirvarer og anna.
Bahawalpur | |||
by | |||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Areal | 237,2 km² | ||
Folketal | 762 111 (2017)[1] | ||
Bahawalpur 29°23′44″N 71°40′20″E / 29.395555555556°N 71.672222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Bahawalpur |
Fram til delinga av Britisk India i 1947 var Bahawalpur hovudstad i emiratet Bahawalpur. Mesteparten av fyrstestaten høyrde til ørkenen Thar.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Block Wise Provisional Summary Results of 6th Population & Housing Census-2017». 3. januar 2018. Henta 27. januar 2021.
- Bahawalpur (28.02.2013) i Store norske leksikon.
Bakgrunnsstoff
endre- Worldstatesmen - BahawalpurDenne geografiartikkelen som har med Pakistan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.