Opna hovudmenyen
Nokre planteoljer i flasker: Risolje, solsikkeolje, peanøttolje, soyaolje, maisolje, olivenolje og solsikkeolje for salat.

Planteolje eller vegetabilsk olje er ein type feit olje vunne ut frå plantar, hovudsakleg frå frø og frukter. Planteoljer kan brukast til matlaging i hushald og i næringsmiddelindustrien og som råstoff for kjemisk industri til å laga produkt som såpe, måling og linoleum.

Ei rekkje ulike planteprodukt kan brukast til å laga olje, til dømes soyabønner, jordnøtter, bomullsfrø, solsikkefrø, rapsfrø, linfrø, oliven, kopra (frå kokosnøtter), palmekjerner og palmefrukt. Dei fleste planteoljer har eit høgt innhald (30–60 %) av den essensielle feittsyra linolsyre.

Eit unntak er kokosfeitt og palmekjernefett, som hovudsakleg inneheld metta feittsyrer; palmeolje, som inneheld oljesyre og palmitinsyre; olivenolje, som inneheld oljesyre; og linolje med 45–50 % linolensyre.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • «Planteoljer» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 13. juli 2015.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Planteolje