Baia Mare
Baia Mare (/'ba.ya 'ma.re/, tyder Stor Gruve, latinsk Rivulus Dominarum, ungarsk Nagybánya, tysk Frauenbach og sjeldnare Neustadt) er ein viktig by nord i Romania og administrasjonssete i Maramureș fylke. Han ligg nord i landet ved elva Săsar, i ei gjennomsnittleg høgd 228 meter over havet. Rundt byen ligg Igniş- og Gutâifjella. Byen har eit areal på 233 km² og inneheld busetnadane Blidari, Firiza, Valea Neagră (Svartdalen) og Valea Borcutului.
Baia Mare | |||
---|---|---|---|
Gamlebyen i Baia Mare | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Maramureș | ||
Borgarmeister | Ioan-Doru Dăncuș | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
233,3 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik - Storbyområde |
108 759 466,2 /km² 188 911 | ||
Koordinatar | 47°40′0″N 23°35′0″E / 47.66667°N 23.58333°E | ||
Høgd over havet | 228 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 430311 | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 62 | ||
Bilnummer | MM | ||
Nettstad: www.baiamarecity.ro |
Ut frå areal er Baia Mare ein av dei største byane i Romania, og er nokre få kvadratkilometer større enn hovudstaden București. Med om lag 140 000 innbyggjarar var han derimot den 17. største byen i landet i 2002. I 2021 var innbyggjartalet gått ned til kring 110 000.
Busetnader
endreBaia Mare er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Baia Mare | 122 660 | 107 434 |
Blidari | 184 | 133 |
Firiza | 745 | 1 082 |
Valea Neagră | 149 | 110 |
Storbyområde
endreStorbyområdet til Baia Mare omfattar Baia Mare og 16 andre kommunar, med eit samla folketal på 188 911.[3][4]
Kommune | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|
Baia Mare | municipiu | 108 759 |
Baia Sprie | oraș | 14 329 |
Cavnic | oraș | 4 284 |
Seini | oraș | 8 198 |
Șomcuta Mare | oraș | 7 703 |
Tăuții-Măgherăuș | oraș | 8 463 |
Cernești | comună | 3 230 |
Cicârlău | comună | 3 751 |
Coaș | comună | 1 342 |
Coltău | comună | 3 106 |
Copalnic-Mănăștur | comună | 5 242 |
Mireșu Mare | comună | 5 030 |
Recea | comună | 6 642 |
Remetea Chioarului | comună | 2 898 |
Satulung | comună | 6 376 |
Șișești | comună | 5 556 |
Valea Chioarului | comună | 2 002 |
Total | 188 911 |
Kjende personar frå byen
endre- Paula Seling, songar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Baia Mare» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2008.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 15. april 2022.
- ↑ «Membrii». Zona Metropolitană Baia Mare. Henta 24. oktober 2023.
- ↑ «Noi clarificări de la autorități despre cele 22 de zone metropolitane din România (Nye avklaringar frå styresmaktene om dei 22 storbyområda i Romania)». Libertatea. 22. mai 2020. Henta 27. oktober 2022.