Bakkehaugen kyrkje
Bakkehaugen kyrkje er ei arbeidskyrkje i naturbetong som står på Tåsen i Oslo. Ho vart innvigd 20. desember 1959 av biskop Johannes Smemo.[1] Kyrkja har 320 sitjeplassar.[2][3]
Bakkehaugen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Bakkehaugen kyrkje i Oslo
Foto: David Castor | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Oslo | ||
Prosti | Vestre Aker | ||
Arkitekt | Ove Bang og Erling Viksjø | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Teglstein | ||
Innvigd | 20. desember 1959 | ||
Klokker | To klokker frå Olsen Nauen Klokkestøperi | ||
Preikestol | I betong av Erling Viksjø | ||
Altartavle | I betong av Erling Viksjø | ||
Sitjeplassar | 320 | ||
Bakkehaugen kyrkje 59°56′56″N 10°45′15″E / 59.94890694°N 10.75415611°E | |||
Wikimedia Commons: Bakkehaugen kirke |
Bakkehaugen gård testamenterte tomta kyrkja står på til eit fond i 1936. To år etter vart det lyst ut ein arkitektkonkurranse og Ove Bang vann med sitt forslag. Andre verdskrigen gjorde at bygginga gjekk seint og i 1942 døydde Bang. Kyrkja blei òg for dyr å byggje. Erling Viksjø fekk i oppgåve å modifisere teikningane og i 1958 starta bygginga etter modifiseringane hans. Den kunstnarlege utsmykkinga var ved Kai Fjell og Carl Nesjar. Preikestol og døypefont er teikna av Viksjø.[2]
Kyrkja har to kyrkjeklokker, den eine kallast Martin Luthers klokke, den andre Hans Nielsen Hauges klokke. Begge er frå 1959 og er frå Olsen Nauen Klokkestøperi.[2]
Bakkehaugen kyrkje ved arkitekt Erling Viksjø fekk arkitekturprisen Betongtavlen for 1961.[1]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Knut Are Tvedt, red. (2010). «Bakkehaugen kirke». Oslo byleksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 65. ISBN 978-82-573-1760-7.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Bakkehaugen kirke». Våre kirker: norsk kirkeleksikon. [Kirkenær]: Vanebo. s. 700. ISBN 82-752-7022-7.
- ↑ «Bakkehaugen kirke». Kyrkjesøk. Henta 18. september 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Bakkehaugen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren