Johannes Smemo

norsk prest

Johannes Smemo (31. juli 18987. mars 1973) var ein norsk teolog og biskop i bispedømma Agder (1946–1951) og Oslo (1951–1968).

Johannes Smemo

Frå venstre baptistpastoren Billy Graham, biskop Johannes Smemo, dr. theol. Alf Lier og forstandar Erling Strøm under Graham sitt store vekkingsmøte på Ullevål satdion 3. juli 1955.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. juli 1898
Røros
Død

7. mars 1973 (74 år)
Oslo

Yrke prest
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Johannes Smemo var fødd i Rugldalen på Røros. Han vart cand. theol. ved Menighetsfakultetet i 1924 og var hjelpeprest i Bragernes i Drammen 1925, sokneprest i Sør-Fron 1933, rektor ved Menighetsfakultetet sitt praktisk-teologiske seminar 1934, biskop av Agder (no Agder og Telemark bispedømme) 1946–1951 og biskop av Oslo 1951-1968. Han var morfar til Hilde Haugsgjerd og svigerfar til Paul Thyness.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på Johannes Smemo frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 9. januar 2018