Opna hovudmenyen

Bakkehaugen kyrkje

kyrkje i Oslo

Koordinatar: 59°56′56.065″N 10°45′14.962″E

Bakkehaugen kyrkje
kyrkje
Bakkehaugens kirke-1.jpg
Bakkehaugen kyrkje i Oslo
Foto: David Castor
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Vestre Aker
Arkitekt Ove Bang og Erling Viksjø
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 20. desember 1959
Klokker To klokker frå Olsen Nauen Klokkestøperi
Preikestol I betong av Erling Viksjø
Altartavle I betong av Erling Viksjø
Sitjeplassar 320
Wikimedia Commons: Bakkehaugen kirke

Bakkehaugen kyrkje er ei arbeidskyrkje i naturbetong som står på Tåsen i Oslo. Ho vart innvigd 20. desember 1959 av biskop Johannes Smemo.[1] Kyrkja har 320 sitjeplassar.[2][3]

Bakkehaugen gård testamenterte tomta kyrkja står på til eit fond i 1936. To år etter vart det lyst ut ein arkitektkonkurranse og Ove Bang vann med sitt forslag. Andre verdskrigen gjorde at bygginga gjekk seint og i 1942 døydde Bang. Kyrkja blei òg for dyr å byggje. Erling Viksjø fekk i oppgåve å modifisere teikningane og i 1958 starta bygginga etter modifiseringane hans. Den kunstnarlege utsmykkinga var ved Kai Fjell og Carl Nesjar. Preikestol og døypefont er teikna av Viksjø.[2]

Kyrkja har to kyrkjeklokker, den eine kallast Martin Luthers klokke, den andre Hans Nielsen Hauges klokke. Begge er frå 1959 og er frå Olsen Nauen Klokkestøperi.[2]

Bakkehaugen kyrkje ved arkitekt Erling Viksjø fekk arkitekturprisen Betongtavlen for 1961.[1]

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 Knut Are Tvedt, red. (2010). «Bakkehaugen kirke». Oslo byleksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 65. ISBN 978-82-573-1760-7. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Bakkehaugen kirke». Våre kirker: norsk kirkeleksikon. [Kirkenær]: Vanebo. s. 700. ISBN 82-752-7022-7. 
  3. «Bakkehaugen kirke». Kyrkjesøk. Henta 18. september 2017. 

BakgrunnsstoffEndra