Bakkestjerneslekta
planteslekt
Bakkestjerneslekta er ei planteslekt i korgplantefamilien. Desse er fleirårige plantar med raudbrune stenglar og smale utagga blad. Dei har fleire rekkjer kantkroner som ofte er opprette. Fnokken viser seg tidleg. Han har ei eller få korger. Plantar i bakkestjerneslekta har fiolette eller kvite blomstrar.
Bakkestjerneslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Stamme: | Astereae |
Slekt: | Bakkestjerneslekta Erigeron L., 1753 |
Norske artar i bakkestjerneslekta
endre- Bakkestjerne (Erigeron acer)
- Blankbakkestjerne (Erigeron politus)
- Fjellbakkestjerne (Erigeron borealis)
- Snøbakkestjerne (Erigeron uniflorus)
- Ullbakkestjerne (Erigeron eriocephalus)
- Svartbakkestjerne (Erigeron humilis)
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Dansk Wikipedia.
- Svensk Wikipedia.