Snøbakkestjerne
Snøbakkestjerne er ei urt i bakkestjerneslekta i korgplantefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.
Snøbakkestjerne | |
Snøbakkestjerne | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Stamme: | Astereae |
Slekt: | Bakkestjerneslekta Erigeron |
Art: | Snøbakkestjerne E. uniflorus |
Vitskapleg namn | |
Erigeron uniflorus |
Planten vert kring 10 cm høg. Dei nedre blada er snaue. Planten har oftast einskild stengel med små korte blad. Han har korg med grå- eller raudfiolette korgdekkblad, om lag snaue øvst. Kantkronene er kvite, til slutt fiolette. Midtkronene er gule og blir snart raude øvst. Snøbakkestjerne blomstrar kring juli månad på enger og snøleger til fjells.
Snøbakkestjerne veks i alle fjelltrakter i Noreg. Han er funnen opp til 2120 m i Jotunheimen.
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Fjällbinka» frå Wikipedia på svensk, den 14. september 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- «Fjällbinka - Erigeron uniflorus L.», Den virtuella floran