Baklava
Baklava er ei fyldig, søt dessertkake som består av lag av filodeig fylt med nøtteblanding og trekt i sirup eller honning. Baklava er ei typisk bakevare frå det tidlegare osmanske riket og er utbreidd i både sentral- og sørvestasiatisk mat.
Baklava finst i mange ulike utformingar. Den første trykte tyrkiske kokeboka, Melceü't-Tabbahin (1844), har fem ulike oppskrifter: Vanleg baklava, baklava med tjukna krem, pynta baklava med kaymak (fermentert, tjukk fløyte), baklava med melon og ris-baklava.
Galleri
endre-
Baklava frå Baku i Aserbajdsjan.
-
Gresk baklava med valnøtter.
-
Baklava frå Irak.
-
Ulike typar baklava til sals ved Borough Market i London.
-
Baklava frå Iran
Kjelder
endre- «Baklava», turkishculture.org
- Denne artikkelen bygger på «Baklava» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2012.