Balaitus (spansk) eller Pic du Balaïtous (fransk, baskisk Pico Os Moros, oksitansk Vathleitosa) er eit granittmassiv i Pyreneane som ligg på grensa mellom Spania og Frankrike.

Balaitus
fjell
Balaitous est.jpg
Land Flag of Spain.svg Spania
Fjellkjede Pyreneane
Høgd 3 144 moh.
Lettast tilkomst Las Neous-breen
Førstestiging 8. august 1825
Koordinatar 42°50′19″N 0°17′24″W

Balaitus
42°50′19″ N 0°17′24″ W
Wikimedia Commons: Massif du Balaïtous

GeografiEndra

Balaitús markerer utgangspunktet for Høge Pyrenane. Høgda på fjellet er 3144 meter over havet og er det første fjellet frå Atlanterhavskysten som passerer 3000 meter. Namnet kjem frå dei oksitanske orda vath (dal) og leitosa (mjølkeaktig). Eit anna spansk namn på fjellet er Pico de los Moros.

Fjellet ligg mellom Tenadalen (Sallent de Gállego) i Spania og Val d'Azun i Frankrike.

StigingarEndra

  • 1825 - Den første klatringa vart gjort av dei franske geodetiske teknikarane Peytier og Hossard etter at dei gjekk seg vill i tåka og hamna på fjellet Palas.
  • 1864 - Den andre klartinga vart gjort av Charles Packe, etter fleire mislukka forsøk. Han trudde han var den første, men vart særs overraska over å finne spor etter den første klatringa.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra