Balasjikha
Balasjikha (russisk Балашиха) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 180 000 innbyggjarar (2007). Han ligg ved elva Pekhorka, 25 km aust for Moskva. Byen er kjent for sitt unike system av elvar og vassvegar. Elvesystemet til Pekhorka dekker eit område som strekkjer seg 40 km nord-sør og 20 km aust-vest og mange små innsjøar og dammar vart bygt for å gje vasskraft for bomullsfabrikkane på 1800-talet.
Balasjikha Балашиха | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Moskva oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1830 1939 | ||||
Borgarmeister | Vladimir Samodelov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
39 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
184 900 4 741 /km² | ||||
Koordinatar | 55°48′N 37°57′E / 55.800°N 37.950°E | ||||
Høgd over havet | 150 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 14390x | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)495 | ||||
Nettstad: balashiha.ru |
Historie
endreBalasjikha er ein relativt ung by og vart grunnlagd i 1830. Først i 1928 fekk han bystatus, sjølv om fleire gamle grender hadde eksistert lenge før den moderne byen.
Byen er kjend for Vladimirka-vegen, som førte austover frå Moskva. Dette var ruta dei kriminelle måtte gå til arbeidsleirane i Sibir. Vegen vart kalla Gorkijvegen i sovjettida.
Mellom 1830 og 1870 vart det drive ein bomullsfabrikk i området. Ein jernbanestasjon vart bygt mot slutten av 1800-talet. Etter kvart som byen voks absorberte han andre landsbyar, som Gorenki, ein bustad for grev Andreas Razumovskij. Her står òg ei steinkyrkje bygt mellom 1777 og 1782.
Bakgrunnsstoff
endre- [www.balashiha.ru/ Offisielt nettstad for Balasjikha ]
- [www.balinfo.ru/ Balashikha.info - informasjonsportal]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Balashikha» frå Wikipedia på engelsk, og «Balasjikha» frå Wikipedia på bokmål den 1. januar 2009.