Ballangsfjorden
68°21′39″N 16°56′00″E / 68.36087°N 16.9332°E
Ballangsfjorden eller Ballangen er ein fjordarm på sørsida av Ofotfjorden i tidlegare Ballangen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 7 km sørvestover til tettstaden Ballangen.
Fjorden har innløp mellom grenda Bøstrand i vest og Saltvikneset i aust. Andre grender ved fjorden er Rånbogen og Arnes på søraustsida.
E6 går langs sørsida av fjorden, medan Riksveg 819 går på nordvestsida.