Ballenyøyane
Ballenyøyane er ei øygruppe i Sørishavet som strekkjer seg frå 66°15' til 67°35'S og 162°30' til 165°00'E. Gruppa strekkjer seg kring 160 km frå nordvest til søraust. Øyane er stort sett dekte av isbrear og har vulkansk opphav. Isbreane ligg i skråningane og strekkjer seg ut i sjøen.
Ballenyøyane | |||
øy | |||
Kart over Ballenyøyane
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Region | Ross Dependency | ||
Koordinatar | 66°55′S 163°45′E / 66.917°S 163.750°E | ||
Høgaste punkt | Brown Peak[1][2] | ||
• høgd | 1 705 moh. | ||
Areal | 400 km² | ||
Folketal | Ingen | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Ballenyøyane 66°55′00″S 163°45′00″E / 66.916666666667°S 163.75°E | |||
Wikimedia Commons: Balleny Islands |
Gruppa består av tre hovudøyar: Young, Buckle og Sturge, som ligg i ei linje frå nordvest til søraust, med fleire mindre øyar og skjer:
- nordaust for Young Island: Seal Rocks, Pillar
- søraust for Young Island: Row Island, Borradaile Island (med Swan Base, ei lita hytte)
- Sør for Buckle Island: Scott Cone, Chinstrap Islet, Sabrina Islet (med Sabrina Refuge, ei lita hytte) og The Monolith.
Øyane og skjera frå nord til sør
endreØy/holme | Areal (km²) | Høgaste punkt (moh) |
---|---|---|
Young Island og holmane kring | ||
Seal Rocks | 0.0 | 15 |
Pillar | 0.0 | 51 |
Young Island | 225.4 | Freeman Peak (1340 moh) |
Row Island | 1.7 | 183 |
Borradaile Island | 3.5 | 381 |
Beale Pinnacle | 0.0 | 61 |
Buckle Island og holmane kring | ||
Buckle Island | 123.6 | 1238 |
Scott Cone | 0.0 | 31 |
Eliza Cone | 0.0 | 67 |
Chinstrap Islet | 0.0 | |
Sabrina Island | 0.2 | 90 |
The Monolith | 0.1 | 79 |
Sturge Island | ||
Sturge Island | 437.4 | Brown Peak (1705[1] eller 1524[2] moh) |
Den antarktiske polarsirkelen går nær Borradaile Island, i det åtte kilometer breie sundet mellom Young og Buckle Island. Buckle Island og den nærliggande Sabrina Island har mange koloniar med adelie og ringpingvin.
Dei engelske kvalfangarane John Balleny og Thomas Freeman var dei første som oppdaga øygruppa i 1839[3]: Freeman var den første personen som gjekk i land på øyane, den 9. februar 1839, og den første som gjekk i land sør for Den antarktiske polarsirkelen. Øyane dekkjer eit areal på i alt 400 km² og det høgaste punktet er 1705 moh [1] eller 1524 moh[2] (den uklatra Brown Peak på Sturge Island).
Øyane er ein del av Ross Dependency, som New Zealand gjer krav på.
Geologi
endreI øygruppa er Buckle, Sturge og Young Island døme på stratovulkanar.[4] Det er sjeldan kraftige jordskjelv nær øyane, men moderate jordskjelv skjer langs Stillehav-Antarktis-ryggen, Macquarie trippelpunkt og Stillehavsregionen mellom Ballenyøyane og Macquarieøya.[5] Andre jordskjelv oppstår nær Den søraustindiske ryggen og Balleny brotsone, inkludert eit jordskjelv med styrke 8,1 i 1998 som oppstod 700 km vest-nordvest for øyane.[6]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Balleny Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- LeMasurier, W. E.; Thomson, J.W., red. (1990). Vulkanar i Antarctic Plate and Southern Oceans. American Geophysical Union. s. 512 pp. ISBN 0-87590-172-7.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Brown Peak, Composite Gazetteer of Antarktis, Scientific Committee on Antarktis Research. US source.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Brown Peak, Composite Gazetteer of Antarktis, Scientific Committee on Antarktis Research. NZ source.
- ↑ Gunter Faure, Teresa M. Mensing, The Transantarctic Mountains: Rocks, Ice, Meteorites and Water (Springer, 2010), 555.
- ↑ GVP, Smithsonian. «Volcanoes of Antarctica - Antarctica and South Sandwich Islands». The Smithsonian Institute National Museum of History. Global Volcanism Program. Arkivert frå originalen den 14. mai 2011. Henta 16. oktober 2012.
- ↑ Earthquakes, USGS. «World Seismicity Maps: Sørpolen». US Geological Survey. Earthquake Hazards Program. Henta 16. oktober 2012.
- ↑ NEIC, USGS. «Magnitude 8.1 Balleny Islands Region». US Geological Survey. National Earthquake Information Center. Arkivert frå originalen 14. oktober 2012. Henta 16. oktober 2012.