Balta
Balta (norrønt Baltey) er ei øy i Shetlandsøyane. Øya er ikkje folksett og ligg austom Unst, som er den nordlegaste av dei større Shetlandsøyane. Mellom Unst og Balta ligg Baltasundet. Balta har eit areal på 0,8 km².
Balta | |
---|---|
Strand sørvest på Balta. Foto: Mike Pennington
| |
Geografi | |
Stad | Nordsjøen |
Koordinatar | 60°45′N 0°47′W / 60.750°N 0.783°W |
Øygruppe | Shetlandsøyane
|
Areal | 0,8 km²
|
Høgaste punkt | Muckle Head (44 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland i Storbritannia |
Region | Shetlandsøyane
|
På austsida av øya er det ein naturleg boge som er forma av erosjon. Av fortidsminne har øya ruinane etter eit skotsk rundhus frå jarnalderen (broch) og etter eit kapell frå den norske kolonitida vigsla heilage Sunniva. Det finst ingen oppføringar i samband med folketeljingar som tyder på at det har budd folk på øya i nyare tid.[1]
I 1895 vart det sett opp eit fyrtårn på sørspissen av øya. Det var i betong og teikna av David A. Stevenson. Dette tårnet vart rive i 2003 og erstatta av eit mindre tårn med solenergidriven ljoskjelde.[2]
Kjelder
endre- ↑ Haswell-Smith, Hamish. The Scottish Islands. ISBN 1-84195-454-3
- ↑ «Historic lighthouse to go» frå www.shetland-news.co.uk 10. november 2003 (arkivert versjon ved Internet Archive)
- Denne artikkelen byggjer på «Balta Island» henta frå Wikipedia på engelsk 13. mai 2007.