Balthazar Schnitler

norsk politikar

Balthazar Schnitler (15. januar 17879. februar 1851) var ein norsk jurist og stortingsmann, fødd på Hitra.

Balthazar Schnitler
Balthazar Schnitler (1787 - 1851) (2837341242).jpg
Fødd 15. januar 1787
Hitra
Død

9. februar 1851 (64 år)
Trondheim

Yrke assessor, politikar
Balthazar Schnitler på Commons

Schnitler var son til ein prest. Sjølv vart han cand.jur. i 1808 og arbeidde frå 1812 i morbrorens handelshus i Trondheim. Han var styremedlem i Noregs Bank frå 1833 til han døydde.

Schnitler var ordførar i Trondheim frå mai 1838 og ut same år, deretter 1840-1841. Han var viseordførar i 1842.[1]

Han representerte Trondheim på Stortinget i frå 1827 til 1835 og 1839-44. I 1827 var han sekretær i komiteen om skog- og bergvesen, og medlem av bankkomiteen samt komiteen om slottsbygninga og kjøpstadskatten. På det overordentlege storting 1828 var han sekretær i komiteen om ansvarslova, medan han på 1830-stortinget var sekretær decisjonskomiteen og medlem av bankkomiteen. I 1833 var han sekretær i komiteen om slottsbygninga og medlem av valkomiteen og av protokollkomiteen. Han bad seg fri frå valet i 1836, men vart vald på ny i 1839 då han på Tinget atter var med i valkomiteen samt han var sekretær i bankkomiteen. På stortinget 1842 var han som i 1833 medlem av valkomiteen og protokollkomiteen. Han vart vald til stortingsmann også i 1845, men bad seg fri og det vart halde eit nytt val.

Schnitler døydde i Trondheim, 64 år gammal.

KjelderEndra

  1. Mathiesen, Henrik (1920). Trondhjems ordførere og viceordførere: 1837 til 1919. Trondhjem: [s.n.] s. 17 f.f.