Baltoro Muztagh
Baltoro Muztagh er ei fjellkjede på grensa mellom Pakistan og Kina. Ho er ein del av Karakoram-kjeda, og ligg nord og aust for Baltoro-breen. Her ligg K2 (8611 moh.), verdas andre høgaste fjell, i tillegg til tre andre fjell med ei høgd på over 8000 meter.
Høgaste delen av fjellkjeda dannar grensa mellom Kina og Pakistan. Sørdelen ligg i pakistanske Gilgit-Baltistan i Pakistan og norddelen i den kinesiske regionen Xinjiang.
I tillegg til dei fire fjella over 8000 meter (K2, Gasherbrum I, Broad Peak og Gasherbrum II) finn ein ei rekkje slåande fjellformasjonar i denne fjellkjeda, som Muztagh Tower, Uli Biaho og Trango Towers.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Baltoro Muztagh» frå Wikipedia på bokmål, den 4. august 2008.
- Denne artikkelen bygger på «Baltoro Muztagh» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2010.