Gilgit-Baltistan, tidlegare Nordområda eller Federally Administered Northern Areas (FANA), er det nordlegaste området i pakistansk Kashmir og Pakistan. Det grensar til Afghanistan i nord, Kina i nordaust og indisk Kashmir i søraust.

Gilgit-Baltistan
 
گلگت بلتستان
provins
Flagg
Land  Pakistan
Del av Pakistansk Kashmir
Areal 72 971 km²
Folketal 1 155 755 (2011)
Grunnlagd 1. juli 1970
Kart
Gilgit-Baltistan
35°21′N 75°54′E / 35.35°N 75.9°E / 35.35; 75.9
Wikimedia Commons: Gilgit-Baltistan
Indus nær Skardu.

Geografi

endre

Hovudstaden i det lite folkesette området er Gilgit, som har 10 414 innbyggjarar (1. januar 2007). Skardu er ein annan viktig by. Før delinga av Kashmir var Baltistan ein del av provinsen Ladakh, og Skardu var vinterhovudstad i provinsen.

 
Nanga Parbat og fjell i nærleiken.
Foto: Guilhem Vellut

Regionen omfattar den vestlege delen av Himalaya, og ein finn høge fjell som Nanga Parbat, Shaigiri og fleire andre fjelltoppar i Rupaldalen. Indus renn inn i området frå Ladakh i indisk Kashmir og fortset gjennom Gilgit-Baltistan og resten av Pakistan. Karakoramvegen bind saman territoriet med Xinjiang i Kina, og er ein turistattraksjon i seg sjølv.

Fleire regionale språk blir tala her, som dei dardiske shina og khowar, austiranske wakhi, tibetanske balti og det isolerte språket burusjaskisk.

Status

endre

Statusen til Gilgit-Baltistan er omstridd. Området er del av den tidlegare fyrstestaten Kashmir, men kom under pakistansk kontroll i 1947. Dette blir feira som ein frigjeringsdag i Pakistan.[1] Gilgit-Baltistan United Movement har gjennom mange år kjempa for eit sjølvstyrande Gilgit-Baltistan,[2] medan Balawaristan National Front kjempar for sjølvstende.[3]

Fram til 2009 var området kjend som «Nordområda» (Northern Areas) og styrt direkte frå Islamabad. Frå 2009 har Gilgit-Baltistan hatt eigen guvernør og rettssystem, lik dei andre provinsane i Pakistan, men utan å ha status som provins. Endringane er kontroversielle elles i Kashmir og i India, ettersom ei de facto-innlemming av Gilgit-Baltistan i Pakistan vil vera til hinder for eit sjølvstendig og/eller udelt Kashmir.[4]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. The News International, «Gilgit-Baltistan day celebrated at SZABIST» Arkivert 2014-02-01 ved Wayback Machine., November 06, 2011; Daily Times, «Gilgit-Baltistan Independence Day observed at RAC», November 02, 2011
  2. International Crisis Group, Discord in Pakistan’s Northern Areas Arkivert 2016-05-20 ved Wayback Machine. (PDF-fil), Asia Report N°131 – 2 April 200
  3. Ashraf Javed, Bhasha Dam – a lifeline for tottering economy, The Nation, November 05, 2011
  4. Pallavi Singh, Gilgit-Baltistan: A question of autonomy, Indian Express, Sep 21 2009; Manzar Shigri, Pakistan's disputed Northern Areas go to polls Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine., Reuters, Nov 12, 2009

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Gilgit-Baltistan