Banderole[a], av fransk banderole frå italiensk banderuola, 'lite banner'[1] er ulike former for dekorative band, flagg, vimplar og liknande.[2]

«Flagrande band» danna av banderolar med tekst.

Militær bruk endre

 
Samtidig bilde av det bretonske krigsskipet «Cordelière» og engelske «Regent» under slaget ved St. Mathieu i 1512. Begge har banderoar, bretonarane Kroaz Du og engelsksmennen St. George-falgget.)

I militær samanheng kan banderole vera ein mastevimpel, ei lansefane eller ei snor med duskar som ein kan bera horn eller trompetar i.[3]

Det kan vera ein langstrekt vimpel eller splittflagg på skip, særleg dei som er festa til mastetoppen på gamle orlogsskip.

I kunst endre

Ein kan bruka banderolar i heraldikken, der dei kan vere tekstband med motto og liknande.

Flagrande tekst- og taleband har vore brukt i biletkunst sidan mellomalderen, særleg i gotisk kunst og renessansen, men også i mesoamerikansk kunst. Dei kunne forklara tydinga til figurane, eller visa noko dei sa.[4]

Varer endre

Ulike varer kan ha banderolar, til dømes i form av ein papirstrimmel rundt seg, for å gje informasjon eller som reklame. Banderolar kan vera etikettar rundt bøker, sigarar eller strikkegarn som gjev informasjon om vara.

Dei kan også vera eit omslag som viser at ein skatt eller avgift er betalt. I Noreg blei slike stempelmerke nytta i tobakkindustrien på kvar tobakkpakke som eit teikn på at avgifta, banderoleskatten, var blitt betalt. Ordninga opphøyrde i 1976.[5]

Galleri endre

Merknadar endre

  1. også skrive banderoll som på svensk, banderolle og bannerol

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «banderole» i Nynorskordboka.
  2. «Banderole» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. Salmonsen og "banderole" hos Ordnet.dk/ods, Ordbog over det danske Sprog
  4. SAL"Banderole" og "Banderoleskat", bind 2, side 596 i Salmonsens Konversationsleksikon (2. udgave, 1915) af kontorchef C. Trap
  5. «banderole – stempelmerke». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 20. februar 2018.