Lanse
Ein lanse er eit spissa stongvåpen, lengre og meir solid enn eit spyd. Lansen vart bruka som eit støytvåpen frå hest, i motsetnad til spyd som er lett nok til kasting.

Bruk av lansar er særleg kjende i samband med riddarar frå mellomalderen, men våpenet var kjend over heile Eurasia der ein òg kjende til riding.