Bandet DDR
DDR er eit norsk rockeband som syng på tysk. Bandet byrja med å syngja omsette versjonar av Namsos-bandet DDE og hadde folk som Atle Antonsen, Berit Boman og Kristopher Schau i mannskapet. Seinare har Kristopher Schau slutta, og eit tilskot til det fargerike fellesskapet kom i staden, i og med Johan Golden. Bandet har eit klart austtysk uttrykk, og likar å køyra ikring i den sneisne automobilen trabant. Etter den DDE-gjennomsyrte pionérfasen, har bandet gått over til å omsetja til tysk og tolka norske slagerar generelt.
Gromme traltar frå DDR er til dømes Hier wird es leben - Rai Rai, Die Winde am Kai, Mein Arsch, Bauernbengel, Ach, ach, ach, es geht besser nun og Ohwäääääääh!
Diskografi
endre- Über Alles
- Norwegische Superknüller
- Das war Das