Bandiat
Bandiat er ei lita elv i Frankrike, og ei av sideelvane til Tardoire frå venstre. Ho renn gjennom departementa Haute-Vienne, Dordogne og Charente.
Bandiat | |||
elv | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Lengd | 70 km | ||
Kjelde | Haute-Vienne | ||
• høgd | 450 moh. | ||
Munning | Tardoire | ||
Bandiat 45°46′41″N 0°20′21″E / 45.778055555556°N 0.33916666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Bandiat |
Geografi
endreBandiat har sitt utspring sør for Puy Chauvet (488 m) nær busetnaden Grand Puyconnieux (Dournazac kommune) i Haute-Vienne. Elva renn vestover og nordover i Dordogne og ved høgt vassnivå munnar ho ut i Tardoire, som høyrer til Charente sitt tilsigsområde, ved Agris i Charente. Ved lågare vassføring forsvinn elva nær Les Vieilles Vaures (Agris kommune) om lag 5 km frå Tardoire. Alt vatnet forsvinn ned i karstfjellet før det kjem opp att nær Angoulême i elva Touvre, ei sideelv til Charente.
Hydrologi
endreVassføringa i Bandiat ved Feuillade varierer frå 0,6 m³/s om sommaren til 6 m³/s om vinteren.
Kommunar ved elva
endreGalleri
endre-
Området rundt Les Vieilles Vaures om lag 5 km frå Agris