Dordogne
- For elva med same namn, sjå elva Dordogne
Dordogne | |
---|---|
![]() | |
Våpenskjoldet til Dordogne | |
Plassering | |
![]() | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 24 |
Region: | Aquitaine |
Préfecture: | Périgueux |
Sous-préfectures: | Bergerac Nontron Sarlat-la-Canéda |
Arrondissement: | 4 |
Kantonar: | 50 |
Kommunar: | 557 |
Président du conseil général: | Bernard Cazeau |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 58. |
-1999 | 388 293 |
Folketettleik: | 43/km² |
Landareal¹: | 9 060 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
![]() |
Dordogne er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Aquitaine, og er kalla opp etter elva med same namn. Préfecture (administrasjonsstad) i departementet er Périgueux. Andre sentrale byar i Dordogne er Bergerac og Sarlat.
HistorieEndra
Dordogne er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Périgord.
GeografiEndra
Departementet er i dag ein del av regionen Aquitaine og grensar til departementa Haute-Vienne, Corrèze, Lot, Lot-et-Garonne, Gironde, Charente-Maritime og Charente.
Dordogne er det tredje største departementet i den europeiske delen av Frankrike.
DemografiEndra
Innbyggjarane i departementet vert kalla périgordiens eller périgourdins.
TurismeEndra
Det er om lag 1000 slott i Dordogne, inkludert:
Området er best kjend for sin vakre natur, mange borger frå mellomalderen og fleire førhistoriske holer. Den mest kjende hola er Lascaux ved Montignac som viser holemåleri som er 15000 - 17000 år gamle.
ØkonomiEndra
Landbruksspesialitetar i området er raudvin, gåseleverpostei og valnøtter.
BakgrunnsstoffEndra
- Prefekturet si nettside
- Offisiell nettside
- Bilete frå Dordogne Arkivert 2006-02-20 ved Wayback Machine.
- Reiseguide for Dordogne Arkivert 2006-04-30 ved Wayback Machine.
- Landsbyar og slitt i Dordogne