Banzare Coast
Banzare Coast (67°S 126°E / 67°S 126°E er ein del av Wilkes Land og den delen av kysten av Antarktis som ligg mellom Cape Southard, ved 122°05′E, og Cape Morse, ved 130°10′E. Han vart oppdaga frå lufta av British-Australian-New Zealand Antarctic Research Expedition, i 1930–1931, leia av Douglas Mawson. Namnet Banzare er eit akronym av namnet på ekspedisjonen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Banzare Coast» frå Wikipedia på engelsk, den 15. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Banzare Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).