Wilkes Land er eit stort landområde i den austre delen av det antarktiske kontintentet og inngår i kravområdet Australia i Antarktis, Australsk Antarktis. Området er oppkalla etter løytnant, seinare kontreadmiral Charles Wilkes, som leia den amerikanske antarktisekspedisjonen 1838–1842 og observerte land fleire stader i denne sektoren.

Kart over Antarktis, med Wilkes Land til høyre

Området strekkjer seg frå Queen Mary Coast i vest ved 100°28' A til Adelie Land i aust ved 136° A, og havet utanfor kysten av Wilkes Land grensar mot Indiahavet. Området strekkjer seg som ein sektor heilt inn til Sørpolen og har eit areal på om lag 2 000 000 km², der det meste ligg under is. Området er delt inn i følgjande sektorar:

Kystlinja vart undersøkt og kartlagt av Operasjon Highjump 1946–1947, Operasjon Windmill 1947–1948, Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) 1956–1960 og sovjetiske antarktisekspedisjonar 1956–1959.

Geologi endre

I 2006 gjorde eit forskarlag leia av Ralph von Frese og Laramie Potts gravitasjonsmålingar ved hjelp av NASA-satelittane GRACE og oppdaga det nesten 500 km breie Wilkes Land-krateret, som truleg vart skapt kring 250 millionar år sidan.[1]

Wilkes Land i populærkulturen endre

  • Wilkes Land vert mykje nytta som åstad i filmen The X-Files frå 1998. Fox Mulder reiser til Antarktis for å redde partnaren Dana Scully, som vert heldt til fange her.

Kjelder endre

  1. Gorder, Pam Frost (June 1, 2006). «Big Bang in Antarctic — Killer Crater Found Under Ice». Research News. Arkivert frå originalen 6. mars 2016. Henta 14. oktober 2012. 

69°00′S 120°00′E / 69.000°S 120.000°E / -69.000; 120.000