Akronym

Eit akronym (frå gresk ακρος, akros, «øvst»/«ytst» og ονομα, onoma, «namn») er eit førebokstavsord eller ein type forkorting som vert lesen og uttala som eit vanleg ord, altså ikkje bokstav for bokstav.[1]

Døme på vanlege akronym er laser, NATO og radar. I dømet laser står bokstavane for «Light Amplification by Stimulated Emission of Radiation», altså «forsterking av lyssignal ved stimulert utstråling».[2] NATO tyder «North Atlantic Treaty Organisation» (Atlanterhavspakta),[3] medan radar tyder «RAdio Detecting And Ranging».[4]

I forkortingar som DnB, DBS, NSB, BBS også vidare vert bokstavane uttala kvar for seg, og desse er altså ikkje akronym.[5]

Litterære akronym: TANSTAAFL (there ain't no such thing as a free lunch), ASAP (as soon as possible).

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Akronym