Barak
mannsnamn
Barak, òg skrive Barack og Barach er eit mannsnamn av to ulike opphav. I jødiske og kristne samanhengar kjem det frå hebraisk בָּרַק, ‘lyn, glimt’, og i muslimske samanhengar kjem det av arabisk بارك, ‘velsigna’, som i sin tur er nært i slekt med det hebraiske namnet Barukh.
Bruken av namnet i Noreg
endreNamnet har aldri vore vanleg i Noreg:
- I 1801 var det etter folketeljinga fem som oppgav dette namnet i forma «Barach» eller «Barak», tre av dei budde i Brønnøy.
- I 1900 var det etter folketeljinga fem som oppgav dette namnet i forma «Barak» eller «Barrak», to av dei budde i Vefsn
- I 2008 var det tre eller færre som hadde dette namnet til første fornamn, SSB gjev derfor ikkje nærare opplysningar
Barak som bibelsk namn
endreBarak etter boka Dommarane i Det gamle testamentet son til Abinoam frå Kedesj i Naftali-landet.[1] Han stridde i lag med Debora mot kanaanearane.
Kjende namneberarar
endreReferansar
endreSjå òg:
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Barak hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet