Barbara Petzold

Barbara Petzold (fødd 8. august 1955) er ein tysk tidlegare langrennar frå Oberwiesenthal i Sachsen som vann OL-gull på 10 km og i 4 x 5 km stafett under Vinter-OL 1980. Ho tevla for Aust-Tyskland.

Barbara Petzold
Fødd 8. august 1955 (65 år)
Oberwiesenthal
Yrke politikar, langrennsløpar, advokat

Petzold fekk sitt gjennombrot då ho tok sølvmedaljen på 10 km ved Ski-VM 1974 i Falun, slått av suverene Galina Kulakova frå Sovjetunionen, og var elles med på det austtyske laget som kom på sølvplassen i 4 x 5 km stafett. Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck vart Petzold nummer sju på 10 km og gjekk ein etappe på Aust-Tyskland sitt bronselag i stafett. To år seinare vart det sølv i 4 x 5 km stafett då Ski-VM 1978 vart avvikla i Lahti.

Petzold sitt høgdepunkt kom då ho vann to gullmedaljer under Vinter-OL 1980 i Lake Placid. Etter å ha vore 0,18 sekund for seint ute til å få bronse på 5 km, vann ho 10-kilometeren med ein margin på 3,5 sekundar til finske Hilkka Riihivuori. Til sist i vinterleikane gjekk Petzold på ankeretappen Aust-Tyskland sitt stafettlag inn til ein suveren siger, over minuttet framom Sovjetunionen, og med Noreg på bronseplass. Under Ski-VM 1982 i Oslo avslutta Petzold medaljehausten med å gå Aust-Tyskland i mål til bronse i 4 x 5 km stafett, hennar femte rake stafettmedalje.

Frå 1974 til -81 vann Petzold individuelt ni austtyske meistertitlar i langrenn.

KjelderEndra