Alberte-trilogien

(Omdirigert frå Bare Alberte)

Alberte-trilogien er ei samlenemning på tre romanar av den norske forfattaren Cora Sandel: Alberte og Jakob (1926), Alberte og friheten (1931) og Bare Alberte (1939). Trilogien skildrar ei ung kvinnes kamp for å realisera seg sjølv og bli sjølvstendig midt i eit fordømmande samfunn i ei tid med sterke normer og krav. Heile trilogien er skriven i presens, og er prega av iterativ forteljarteknikk. Det iterative grepet gjev eit inntrykk av at det som vert skildra, heile tida gjentek seg, noko som gjev bøkene ei særprega, mosaikk-aktig stemning.

Cora Sandel bygde på eigne opplevingar for å skriva Alberte-trilogien.

Litteraturhistorikaren Kristian Elster skreiv at trilogien var «...eit av dei største kvinneportretta i vår litteratur (...) i allverdas litteratur.»[1]

Alberte og Jakob endre

 
Huset i Bankgata i Tromsø der Cora Sandel budde, det første murhuset i byen. Huset var dårleg isolert, og Alberte og Jakob opnar med skildringar av korleis Alberte alltid frys.[2]

Alberte og Jakob (1926) var debutromanen til Cora Sandel. Boka skildrar oppveksten til tenåringsjenta Alberte Selmer i ein by nordpå som minner sterkt om Tromsø rundt hundreårsskiftet. Alberte er eldstedottera i ein embetsmannsfamilie som har flytta nordover på grunn av sorenskrivarstillinga til faren. Byen er prega av strenge klasseskilnader, og Alberte kjenner seg som ein outsider i samfunnet; ho passar ikkje inn. Veslebroren Jakob har ein lettare oppvekst enn henne, og bestemmer seg snart for å dra til sjøs. Alberte forelskar seg i kameraten hans, Cedolf, men merkar samtidig ein angst for dei nye kjenslene fordi Cedolf står lågare på rangstigen. Venninna til Alberte endar opp med å få barn utanfor ekteskapet fordi ho ikkje har «behalde kontrollen». På slutten av romanen har Alberte eit sterkt ønskje om å koma seg vekk frå byen.[3]

Heile livet måtte Cora Sandel forsvara seg mot påstandar om at Alberte og Jakob var ei rein sjølvutlevering, men vedgjekk at boka var dels inspirert av hennar eigen oppvekst i Tromsø.

Alberte og friheten endre

 
Måleri av Paris frå 1910 av Henri Rousseau.

I oppfylgjarboka frå 1931 er Alberte i Paris i tida rett før fyrste verdskrigen. Det er kunstnar ho vil bli, og ho går på målarskule i eit internasjonalt miljø. Likevel målar ho ikkje sjølv, men skriv formålslause papirlappar som ho samlar på i kofferten sin. Romanen skildrar også den nære venninna Liesel, som går gjennom ein dramatisk abort. Alberte går gjennom ei mislukka forelsking før ho halvhjarta giftar seg med kunstnaren Sivert Ness, som ho òg ventar barn med.

Skildringane av Paris var òg sjølvopplevde av forfattaren, som studerte i Frankrike i ei årrekkje.

Bare Alberte endre

Etter verdskrigen flyttar Alberte, Sivert og Småen på sju år tilbake til Paris frå Bretagne. Ekteskapet er gått i stå, men Alberte blir oppmuntra av den franske venen Pierre til å satsa på skrivinga. Den vesle familien reiser tilbake til heimlandet, der Alberte forlét mann og barn hjå svigerforeldra i Vestfold. Sjølv reiser ho inn til byen for å bli forfattar, men prisen ho må betala for å realisera seg sjølv og vera sjølvstendig, er å vera utstøytt og einsam i samfunnet.

Trilogien vart filmatisert av Fjernsynsteatret i 1972 i miniserien Alberte der Monna Tandberg spela hovudrolla.[4]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Artikkel i Norsk Biografisk Leksikon om Cora Sandel, skriven av Janneken Øverland. Henta inn 1. september 2013.
  2. Oppvekst i litteraturen - Cora Sandel, tromsfylke.no. Henta 20. september 2013.
  3. Fidjestøl, Kirkegaard, Aarnes, Aarseth, Longum og Stegane: Norsk litteratur i tusen år, Cappelen Akademisk Forlag, 2. utgåve, 1996, s. 485-487.
  4. Miniserien Alberte på The Internet Movie Database.

Bakgrunnsstoff endre